22. oktober 2024
24. oktober er verdas poliodag.
Så lenge det er i polio i verda, er det fare for spreiing, og derfor held vi i Rotary fram med å utrydde polio. Til det treng vi di hjelp.
Klubbane på Nordre Sunnmøre vil markere dagen med å lyse opp Fjellstua i raudt.
9. oktober 2024
Kommunalsjef for barnehagar og skule, Lill-Therese Eidsvik, fortalde litt om seg sjølv og sin bakgrunn, men mest om det viktige arbeidet med å byggje opp eit godt og berekraftig kommunalområde for barnehage og skule. Eit interessant og givande foredrag!
22. september 2024
Rotarymarsjen 2024 langs turløypa rundt Synnalandsvatnet gjekk føre seg i fint haustver og godt oppmøte. Turen enda opp ved Rotaryhuken (sjå bilde) der ordførar Vebjørn Krogsæter og representantar frå Sunnmøre friluftsråd kasta glans over arrangementet.
4. september 2024
Årets Notkast vert ståande som eit av dei mest velukka når det gjeld fangsten. Både prøvkastet kvelden før og dagens kast resulterte i mange sprellande røye og aure, tildels med imponerande storleik.
Og etter ein runde på grillen, smakte den utmerket!
28. august 2024
Wenche er leiar for klyngeprogrammet NCE Blue Legasea som samlar ressursar, erfaring og kunnskap frå alle delar av den marine verdikjeden, i tett samspel med maritim sektor. Dette gir eit unikt utgangspunkt for å utvikle ei berekraftig fiskerinæring.
14. mai 2024
Vi var på besøk hos Stall Skjeljavika der vi vart godt tatt i mot av Torbjørn Sønderland og sonen, Vidar. Dei fortalde ei imponerande historie om korleis dei har satsa på oppdrett av islandshestar og eit flott hestesportsenter med ein stor, ny ridehall.