Så lenge det framleis er i polio i verda, er det fare for spreiing - også til Noreg. Derfor held vi i Rotary fram med å utrydde polio - og til det treng vi di hjelp!
24. oktober er verda sin poliodag. Rotaryklubbane på Nordre Sunnmøre vil markere dagen med å lyse opp Fjellstua i Ålesund i raudt.
Andre lenker:
Sjå video med Bill Gates: "We are so close to end polio"
28. mai 2024
Med ansvar for kommunalområde Plan Eigedom Landbruk Teknisk skal Kommunalsjef i Haram, Kristin Fjeld-Eiken saman med staben sin levere eit vidt spekter av lovpålagte tenester.
Vi møtte ein engasjert og kreativ kommunalsjef vi gler oss å følgje vidare.
11. april 2024
Saman med andre klubbar i området var Brattvåg Rotaryklubb med på å arrangere ein støttekonsert med eit kor frå Ukraina.
Ei fullsatt kyrkje fekk ei stor kulturell oppleving, der krigssituasjonen i Ukraina samtidig kom nært innpå oss som var til stades.
2. april 2024
Brattvåg svømmeklubb har det siste året fått ein ny giv med mange nye medlemmer og stor aktivitet.
Representantar frå styret og dei aktive fortalde om klubben og dei ulike aktivitetane dei har, t.d. svømmeopplæring, konkurransesvømming og familiebading.
1. april 2024
Ei prosjekttgruppe i klubben har henta inn 50 bilder frå nærområdet og som er ramma inn og donert til dei to omsorgssentra i området vårt.
Bilda vart tekne i mot med begeistring og heng no i fellesareala til glede for pasientar, besøkande og tilsette.
19. mars 2024
Erna Johnsen, president i InnerWheel Brattvåg, orienterte om klubben, distriktet og internasjonalt. Jobber med kvinnerelaterte saker lokalt og internasjonalt. Historie og utvikling gjennom 100 år.
6. mars 2024
Møtet var flytta til Ingebrigt Davikhuset for å høyre på Ingebrikt S. Jensen fortelje om demenssjukdommen sin. Gjennom bruk av både skjemt og alvor tok han oss med på ei rørande og alvorleg sjukdomshistorie til ettertanke for eit lydhørt publikum.
1. mars 2024
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem
13. februar 2024
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!